ELDHUSET
Eldhuset fungerte som grovkjøkken eller verkstad for husmora når ho hadde for seg storarbeid. Dei aller fleste gardane, store som små, hadde eldhus.
Det vanlege utstyret var ei nedmura stor-gryte, ei nedmura baksthelle og ein båsomn (lysomn/peis). Røyken frå dei tre eldstadene gjekk opp gjennom same pipa.
På golvet, som ofte var dekt med skiferheller, stod eit stort bord, bakstfjøla. Det vart bruka til å kjevle ut flatbrødleivane på før dei vart steikte på baksthella. Namnet går kanskje tilbake til tida da dei bruka steinheller til å steike på. Flatbrødbakinga gjekk oftast føre seg to gonger om året, haust og vår. Elles skjedde alt arbeid der dei måtte bruke storgryta i eldhuset. Ho hadde stor kapasitet og var god å ty til når vatn skulle vermast eller ost kokast.
Før jul var det hektisk aktivitet i eldhuset. Her vart grisen slakta, skolda og partert. Eit anna tidkrevande arbeid var å brygge maltøl. Da vart storgryta bruka til å koke einelaug og malt. Her tilverka dei også lutefisken. Koking av oskelut og sidan luting og vatning av tørrfisken måtte til før det vart julekveldsmat. Også klesvasken gjekk gjerne føre seg i eldhuset.
Dette eldhuset, som er kome frå ein gard nede ved Ålma, er eit ganske typisk oppdalseldhus. Ingen veit i dag kor gammalt det er.
LØNSET-BURET - "UNDBUA"
Huset er kome frå garden Lønset (gnr. 166, bnr. 2). Årstalet 1739 er skore inn i ein takås, det er alt vi veit om alderen. Byggemåten er svært gammal. I Oppdal finst det att berre eit par hus av denne typen.
Undbua er den einaste hustypen i Oppdal som har svalgang med inngang til loftet. Denne spesielle inngangen tyder på at etasjane hadde kvar sine funksjonar. Andreetasjen vart bruka til sengloft (soverom). Han kunne også nyttast til klesloft, for å lagre klede.
Førsteetasjen vart bruka til eldhus da huset stod på garden. Undbua fungerte som eit slags reservehus, og vart nytta til forskjellige formål.
BADSTUA
Dette huset er kome frå garden Holseter (gnr. 118, bnr. 1).
Badstua er ein bygningstype som har hatt ulike funksjonar gjennom tidene. Namnet har huset fått etter bading. Det vart sikkert eit effektivt badstubad når dei fylte den store omnen med bjørkved og brende han ut - og så slo vatn på steinrøysa!
Det er lenge sidan badstua vart bruka til bading, men ho gjorde teneste som tørkehus fram mot vår tid. Her tørka dei korn og malt - og andre ting som trong tørk. Når ein la kornet ut over dei store steinhellene, stengde alle gluggar og brende to-tre omnsfyllingar med ved, vart det tørt, sprøtt og fint å male til matmjøl.
Når det skulle lagast malt til ølbrygging, var badstu-tørking heilt nødvendig. Da måtte kornet groast først, så vart det fint sundgnudd og hatt på badstua til tørking. Deretter var det kverna sin tur, med maling eller røing, som det heitte. Hadde ein godt korn, og badstua og kverna gjorde sitt etter "alle kunstens regler", var det klart for å brygge maltøl.
Både grautmjøl, bakstmjøl og maltøl var viktige komponentar i eit godt hushald, både til kvardag og høgtid. Badstua stod sentralt når "gudslånet" - det dyrebare kornet - skulle foredlast til mat og drikke.
TÅRNHUSET
Tårnhuset, som det blir kalla, er kome frå prestegarden på Vang, der det gjorde teneste som utedo.
Tårnhuset var plassert sentralt på "parkeringsplassen" i prestegardstunet, der kyrkjefolket batt hestane sine. Veggene er fulle av sår etter "pjeksar" (festepluggar), som heldt hestane på plass medan dei venta på kyrkjefolket.
Byggemåten er uvanleg i Oppdal. Lafta tømmerhus med pyramideforma tak og spir, må ha verka både pompøst og framandt på bygdefolket. Som dei andre husa i prestegarden er tårnhuset laga etter forbilde utafor bygda, frå by- og embetsmannsmiljø. Vi veit ikkje når huset vart bygd. Det stod i prestegarden fram til 1936.
Vi finn same hustypen til same formålet fleire stader i landet. Det har stått tårnhus på Tofte på Dovre, på landbrukshøgskulen på Ås og på prestegarden i Meldal. I boka Jeg fant, jeg fant, utgjeve av Norsk Skogbruksmuseum og Musea i Hedmark, kan vi lese følgjande om do-arkitekturen i Glomdalen: "På folkemunne går det ofte historier om den første som bygget seg en utedo. Det ble nok betraktet som stormannsgalskap, og kanskje med rette. Doen med pyramideformet tak, slik vi finner den på Glomdalsmuseet og ellers rundt i Glomdalen, representerer en ny type "do-arkitektur" som har vært svært vanlig på mindre herregårder og større bondegårder i Midt-Sverige."
KVERNA
Kvernhuset er kome frå garden Breen Øvre (gnr. 181, bnr. 1). Det har stått i elva Svorunda, og årstalet MDCCCIV (1834) er skore inn i stokken over døra.
Malinga var siste prosessen før kornet var klar til matlaging. Her mol dei både til folk og fe. I gode år vart det både grynmjøl, bygg-gryn, bakstmjøl og malt. Lettkornet, den dårlegaste kvaliteten, gjekk til dyrefôr. Julegrisen måtte også ha sitt skulle det bli skikk på han.
Det låg ein lang prosess bak før dei omsider kunne frakte kornet til kverna. Våronn, skuronn, tørking, trøsking og tørking på nytt - så ein forstår det var verdfull vare som kom ut mellom kvernsteinane. I uår vart det lite eller inkje korn i det heile.
Kverna var eit viktig driftsmiddel i det gamle naturalhushaldet. I alle grender der det var såpass bekkvatn at det drog kvernkallen, vart det bygd kverner. Når det var kvennbør - rikeleg med vatn i bekken - vart det hektisk aktivitet på kverna, same om det var haust eller vår.
Kverna var ei av dei første mekaniske innretningane som nytta seg av energien i rennande vatn. I jordeboka for Landkommisjonen av 1661 finn ein at det da var heile 106 "kvernsteder" i Oppdal. Dette var av dei "herligheter" som var belagt med avgifter, så talet er sikkert ikkje for høgt.
Gardskverna hadde ein sterk posisjon lenge. Det var da korntrygda kom rundt 1930 at ho laut kapitulere. Da vart det krav om at korn til eige forbruk måtte malast på kverner som var godkjende av Statens Kornforretning - dersom ein ville ha korntrygd. 54 gardskverner i Oppdal gjekk saman og søkte om slik godkjenning, som møllelag, men fekk avslag. Dette vart så godt som dødsdommen over gardskvernene. Berre eit par fekk offentleg godkjenning. Da bygde Opdal Samvirkelag ei stor mølle i sentrum (bygningen som i dag hyser Møllekroa).
Under verdskrigen var det streng rasjonering, og bøndene fekk behalde til eige forbruk berre ein liten del av kornet dei produserte. Sentraliseringa av kverndrifta gjorde at det var lett å halde kontroll med kva som var male. Derfor vart gammelkverna lett å ty til i desse åra. Den fekk ein liten renessanse, men song nok da sin siste song.
HOKSENG-STUGGU
Hokseng-stuggu er komen frå garden Hokseng (gnr. 230, bnr. 3). Ho vart bygd som våningshus på garden ca. 1800. I seinare tid fekk ho tilbygd to tømmerlengder, men denne nyare delen av huset er no borte.
Hokseng-stugu, slik ho står her på museet, er ein god representant for dei første toetasjes våningshusa i Oppdal. Dei var bygde i to lengder. Førsteetasjen var inndelt i ei stor stuggu og ein gang med klåvvå (kleve) innafor. Stuggu vart bruka til kjøkken, opphaldsrom og arbeidsrom til allslags aktivitetar - og stundom også til soverom. Sannsynlegvis er andre høgda av noko yngre dato.
Det som særpregar huset, er grovt tømmer, stor takhøgd, solid takverk og godt handverk. Hokseng var ein av dei største gardane i bygda, og vart også lensmannsgard.
Her på museet gjev Hokseng-stuggu plass for skisamling i første etasjen og skulemuseum i andre.
DØRRES-STUGGU
Dørres-stuggu er kome frå Utisto på Dørrem (gnr. 202, bnr. 1). Dette er eldste delen av våningshuset. Det fekk seinare eit tilbygg, men det er ikkje med her. Ingen veit i dag kor gammal stuggu er. Da ho kom hit til museet i 1957, var ho freda av Riksantikvaren.
Stuggu har den rominndelinga som var vanleg for oppdalshus av denne typen: gang og klåvvå (kleve, kammers) i ei lengd og ei stor stuggu i den andre. Stuggu var opphaldsrom for alle på garden, og vart bruka både til matlaging og til anna arbeid som gjekk føre seg innomhus. Klåvvån var oftast sengrom for sjølvfolket og dei minste barna, eller for kårfolket.
I andre høgda var det sengrom. Det store innloftet kunne også bli bruka som arbeidsrom, og det var ofte både vevstol og høvelbenk der.
Litt om den vanlege møbleringa i ei stuggu: Ved inngangsdøra var det ei stor steinhelle i golvet. Her stod vass-stampen og koppbenken, og her gjekk alt vaskearbeid føre seg. I kråa innom døra var det store matskåpet. I breidd med inngangsdøra var klåvvådøra, og ved sida av den - i kråa tvers overfor matskåpet - stod den store lysomnen (peisen) og spikhatten (ei slags skål med røyksamlar over der dei brende finspikka, feit ved for å få arbeidslys).
I lysomnen gjekk all koking føre seg. Om kveldane vinterstid var vanlegvis folket samla til arbeid i denne delen av stuggu, der dei fekk lys og varme frå lysomn og spikhatt. Her stod stabben med øksa i, til bruk for karane når dei dreiv med ymse slags trearbeid.
På langveggen hadde skiva plasssen sin - ei praktisk og plass-sparande innretning: Når ho trongst som bord, stod ho på golvet. Trong ein golvplassen til noko anna, vart ho slått opp på veggen. På andre langveggen stod flatskåpet, og langs tverrveggen langbordet med veggfaste benker. Ved høgbordsenden hadde husbonden plassen sin. Her stod kråskåpet over benken.
BEKKA-STUGGU
Bekka-stuggu er truleg frå 1600-talet. I 1954 vart ho flytta hit til Fjellkåsa frå garden Bekken på Lo - som det første huset på museumsområdet.
Bekka-stuggu er bygd som oppstuggu. Denne hustypen er særeigen for Oppdal, sjølv om det nok finst liknande, nærslekta former i Østerdalen og Gudbrandsdalen. Eilert Sundt, som reiste rundt i landet i førre hundreåret og studerte byggemåtar, slo fast at dette var ein reint oppdalsk hustype: "Udenfor Opdals grændser haver jeg hverken seet eller hørt til opstugu." Og bygningshistorikaren Elling Alsvik uttaler seg like kategorisk om dette: "Oppstuggu er en oppdalsform og intet andet."
Oppstuggu representerer som bygningsform overgangen frå den eldgamle einetasjes åsstuggu til større hus i to høgder. I førre hundreåret var det mange hus av denne typen i Oppdal, og da spesielt på husmannsplassar og mindre gardar. Men no finst berre tre att: Bekka-stuggu, Mjøa-stuggu på Norsk Folkemuseum (Oslo) og Vika-stuggu på Trøndelag Folkemuseum (Trondheim).
SKJØRSTAD-STUGGU
Skjørstad-gardane er gamle, og dei ligg sentralt i bygda - like ved det gamle bygde- og kultursenteret på Vang. Skjørstad-stuggu var våningshus på Skjørstad Øvre fram til 1972. Da vart ho flytta hit til bygdemuseet, som ei gåve frå Martha og Arnt Skjørstad.
Eldste delen av stuggu er truleg kring tre hundre år gammal. På 1800-talet vart dette den vanlege bygningstypen på større oppdalsgardar: tre tømmerlengder i to etasjar.
Til venstre for inngangspartiet (midtlengda) ligg "stas-stua" - til vanleg kalla nystuggu. I midtlengda har vi gangen med eit rom innafor, den såkalla klåvvån. Den vart ofte bruka til soverom for sjølvfolket eller som rom for kårfolk. Heile lengda mot høgre var kombinert kjøken, opphaldsrom og arbeidsrom.
I andre høgda er eit stort rom over kjøkenet, kalla innloftet. Det vart bruka til soverom for tenestefolk og større born. Det kunne også nyttast som arbeidsrom, og da spesielt for veving og trearbeid. Dei små romma som er frådelt loftsgangen, var for gjester eller familiemedlemmer - etter som det trongst. Loftet over nystuggu gjorde teneste som klesloft og lager. Her var det til vanleg stenger under taket, og på dei hekk skinnfellar og sengklede som ikkje vart brukte til dagleg. Gangklede var opphengde på veggene, og langs veggene stod kister.
I dag er ikkje Skjørstad-stuggu innreidd og møblert slik ho var opprinneleg. Første høgda blir no bruka til møte og andre mindre samkomer, andre høgda til utstillingar. Desse bruksmåtane set sitt preg på innreiinga. Men for å skape rette atmosfæren er det teke med mykje av den gamle innreiinga.
Ei tid var garden Skjørstad tingstad, og da vart bygningen bruka til tingstuggu.
Den mørkaste og tristaste hendinga i samband med tinga som har vore halde her, skjedde i desember 1731, da rett vart sett over Eli Olsdatter Stenboeng. Ho vart kjend skuldig i å ha fødd eit jentebarn og teke livet av det. Og dommen var nådelaus: Eli skulle "avlives ved sverd, hovedet settes på stake, kroppen på retterstedet begraves, hende til velfortjent straff og andre til skrekk og advarsel". - Dommen vart fullbyrda i Galgtrøa ved Ålma 18. november 1733. Frå dommen vart avsagd og fram til avrettinga sat Eli i arrest i Hokseng-stuggu, som også står her på Fjellkåsa i dag. Hokseng var på den tid lensmannsgard.
BÅRDSGARD-SMIA
Smia er komen frå Bårdsgarden uti Storlidalen, og årstalet 1761 er innhogge.
Mannen som i si tid rydda Bårdsgarden, heitte Bård og var svensk. Det blir fortalt at han rømde frå eit verk i Jemtland og slo seg til i Storlidalen på 1640-talet. Han var smed og kunnig i å vinne ut jarn. Jarnhaldige myrer fann han ute ved Vassenden. Det blir fortalt at første smie-stéet (ambolten) vart smidd ut på ein stein på tunet, av jarn som han hadde produsert sjølv.
Bård skulle vere ein meister i smia, og han har mellom anna smidd lås til kyrkja på Lønset. Låset har årstalet 1650, og det vart betalt med fem dalar. Segna fortel at Bård smed hadde forarga mannen på ein av Vindals-gardane med å dikte ei vise om han. Slikt gjorde nok ikkje ein svensk smed upåtala, og han måtte møte i retten. Der vart han ilagd ei bot på fem dalar. Pengar hadde ikkje Bård, men han hadde teke med seg eit vakkert lås, og det kjøpte lensherren for fem dalar. Dermed betalte Bård bota, snudde seg på hælen og kvad: "Nu har jag botat dalaren fem, så sjung jag visan hur jag kjem." Rekneskapane viser at Bård smed smed saman med Erik smed også har smidd lås til "den stoere Kirkedør och Korsdøren" i kyrkja på Vang i 1654.
Bård var den første i ein lang og sterk tradisjon innan smedyrket i Storlidalen. Vi nemner dei mest kjende:
Johannes Ellingsen Storli (1823-83). I beretninga frå amtmannen for åra 1856-60 er han omtala som ein flink reiskapssmed som har forbetra og utvikla "den saakalte Engelske Ploug" for bruk under våre forhold.
Hallvard Storli (1847-1935) var også ein dyktig plogsmed som gjorde Oppdals-plogen kjend utafor bygda. Det har vore fortalt at plogsmedar frå dei store plogsmiene på Jæren tok modell av veltefjølene hans.
Einar Storli (1906-67), den siste av Storli-smedane, flytta til Oppdal sentrum og bygde opp Storlismia - ein mekanisk verkstad som er i drift enno.
HUSMANNSPLASSEN
Jordbruk var så godt som einaste levevegen i Oppdal fram til 1800-talet. Når folketalet steig, vart gardane delte opp i mindre bruk. Men garddelinga hadde sjølvsagt sine grenser, og på slutten av 1600-talet kom ei forordning som sette forbod mot å dele i altfor små bruk. For alle dei som ikkje hadde høve til å skaffe seg eige gardsbruk, vart husmannsplassen eit alternativ.
Husmenn fekk slå seg ned i utmarka på gardane og rydde seg jord, og dei betalte med arbeid på garden - eit visst tal dagar på tilseiing. Slike avtaler galdt for husmannen og kona på livstid. Ordninga var for mange den einaste utvegen dersom dei skulle kunne fø ein familie. Bonden fekk på si side sikker tilgang på stabil arbeidskraft.
Det var klar klasseskilnad mellom husmann og bonde, men avstanden vart størst i dei beste jordbruksdistrikta, der gardane var store og husmennene mange. I Oppdal var klasseskilnaden relativt liten. Gardane her var små, og husmennene vart ofte rekrutterte frå bruka der plassane låg. Slektskap og oppvekst i same miljøet gjorde sitt til å jamne ut sosiale skilnader.
I 1865 var det 190 husmenn i Oppdal. Men på denne tida begynte det å kome alternativ som nok var meir interessante enn livet på plassen. Mange drog til Amerika, andre søkte til byane og industrien. Samtidig kom "det store hamskiftet" i jordbruket, og maskinar overtok ein del av arbeidet som husmennene hadde utført tidlegare. I løpet av eit par generasjonar forsvann husmannsvesenet.
Husmannsplassen her på museet har hus som er samla frå fleire plassar:
Fjøset er frå Tørset på Lønset, som ein gong var husmannsplass under garden Detli (gnr. 150, bnr. 1). Dette er eit typisk fjøs frå ein husmannsplass. Det er lågt under taket, og små dimensjonar viser primitive forhold.
Buret er også typisk. Det har vore flytta fleire gonger og er kome frå ei sæter i Unndalen.
Stuggu er kome frå ein plass under garden Rate på Lønset, og har vore kalla Skogstuggu. Ho har ganske god standard, til husmannsstuggu å vere. Hallvard Storli, som hadde plassen, var ein uvanleg god smed. Spesielt kjend vart han for plogane sine. Så han var vel meir handverkar enn husmann.
Smia som står på plassen i dag, er frå garden Utem på Lønset. Den gir eit godt bilete av ei gardssmie frå tidleg på 1800-talet.
MAGASINBURET
Dette stabburet er opprinneleg kome frå Gravaune på Lønset. Alderen er ukjent, men frå 1804 vart det bruka til kornlager for Oppdal Bygdemagasin. Magasinet hadde tre slike stabbur - to ved prestegarden på Vang og eitt på Lønset.
Kornmagasina var institusjonar som fungerte som bankar i det gamle bondesamfunnet. Dei la opp lager av korn, og bygdefolk som ikkje hadde nok av denne livsviktige vara, kunne få låne, på visse vilkår, av kornkapitalen. Frostnetter og uår førte ofte til kornmangel og hunger i bygder som Oppdal.
Som så mangt anna i Oppdal på denne tida kom også kornmagasinet i gang etter initiativ frå prosten Cornelius Thomas Rønnau. Han gav sjølv 20 tønner korn til grunnkapitalen da magasinet vart oppretta i 1803. "Den Kongelige Kasse" ytte eit tilskot på 100 riksdalar som det vart kjøpt korn for. Og som eit frivillig tilskot vedtok bøndene i bygda å gje magasinet 37 tønner og 6 skjepper korn årleg i 10 år framover.
Kjøp av stabbur til lager vart utlikna på bøndene, som betalte etter storleiken på gardane og personleg økonomi. Bøndene stod også for transporten, medan husmennene tok seg av nedrivinga og oppattsetjinga av bura.
Da kornmagasinet kom i full drift i 1804, vart eit forråd på 92 tønner utlånt "i små Portioner til 208 trængdende Familier".
Kornet vart utlånt mot sikkerhet og ei rente på 2 skjepper pr tønne (25 prosent), og skulle betalast tilbake innan 1. november kvart år. Tilbakebetalinga kunne også gjerast med pengar.
Slik fungerte kornmagasinet fram til 1855, da det tok til å bli meir aktuelt å låne ut pengar enn korn. Da vart ein stor del av kornkapitalen selt og bruka som grunnkapital for Opdals Sparebank. Men kornmagasinet heldt fram og vart ikkje avvikla før i 1897.
Magasinburet vart seinare bruka som lagerbygning for innkjøpslaget på Lønset, og kom så til museet i 1958.
VINDALS-BURET
Dette buret er kome frå Negard i Vindalen (gnr. 164, bnr. 1). Det er typisk for bura på større gardar i Oppdal.
Stabburet hadde ein viktig funksjon på alle gardar før i tida. Det var lagerhus for matvarer av ymse slag, og storleiken varierte etter kor mykje dei hadde å ta vare på. På dei største gardane hadde dei ofte to bur.
Det var vanleg å lagre forsyning for eitt år av det som vart produsert på garden - og den tid var det aller meste av matvarene heimelaga. Eit velfylt stabbur gav både tryggleik og status.
Buret skulle vera tørt og luftig. Det var alltid bygd på stolpar og med burstrappa i god avstand frå dørstokken. Det var ei sikring mot at mus og andre skadedyr skulle koma seg inn og øydeleggje maten. Burslåset var alltid smidd av ein god smed. Det skulle vera sikkert mot innbrot, og både lås og lykel var jamnast forseggjorde og utstasa. På dei gardane som hadde supklokke (matklokke), var ho plassert på burstaket, slik at husmora stod nede i burssvala når ho ringde inn til mat. Dette var også med og gav buret status.
Buret var bygd i to høgder, ofte med andre høgda litt utbygd på ein eller tre av veggene. I den første høgda var det kister og stampar langs veggene for lagring av korn, mjøl, gryn og malt. På golvet stod eit stort traug, uthola av ein stokk. I dette var det nedsalta kjøt og flesk. Ved sida stod ein trestabbe og ei brei øks, som vart bruka når dei delte opp kjøtt, «hogde i gryta». Flatbrød baka dei oftast berre to gonger om året, og det vart lagra på buret i høge stablar.
På bursloftet (andre høgda) var spekematen lagra. Fleskeskinker og fenalår hang på rekke og rad, saman med spekepølser, blodpølser og ofte buntar med tørrfisk som dei laga lutefisk av. Elles var det lager av talg, smult, surmussusmør og annan ost som kunne lagrast. Om sommaren vart bursloftet ofte brukt til soverom for tenestefolk.
Slik fungerte buret fram til den tida da fryseteknikken, varemagasina og pengane avløyste den gamle sjølvberginga på gardane.
STEFFENS-BU
(Utdrag av tekst etter Sturla Sæther, for Storskrymten Spaserklubb)
Steffens-bu er en av de eldste jaktbuene som er oppsatt i tømmer i Oppdalsfjella. Bua stod opprinnelig på Sæterfjellet, men ble tatt ned i 1980. Bua som ble oppsatt for reinsjakt, ble trolig bygget ca. 1880-95. Steffens-bu er ei lita tømmerhytte med innvendige mål på ca. 2,6 x 2,4 m. Tømmeret ser ut til å ha vært brukt før. Det finnes innskjæringer i bua, blant annet I.M 1896 og O.O.S. 1898, som trolig er av de eldste. Den siste innskjæringa er sannsynligvis Ola Olsen Sæter i 1849-1935 fra Utigard på Sæter, medeier i bua. Steffens=bu, er innskåret over bu-døra. Det var Steffen O. Domaas 1846-1926 (Utigard på Håker), som fikk navnet sitt knyttet til bua. Eierne ga bort Steffens-bu til Oppdal Bygdemuseum i 1977/78. Storskrymten Spaserklubb inngikk i 2004 avtale med museet om flytting, restaurering og vedlikehold av bua. Det foreligger nå et utførlig hefte som klubben har skrevet omkring buas historikk og arbeidet som er lagt ned. Den er nå godt plassert og ivaretatt på Oppdalsmuseet.