Raulåna ved Oppdal kyrkje har ei spennande og interessant historie å fortelle.
Mange kongar har vore innom prestegarden og Raulåna gjennom tidene. Den første var Kristian 5. i 1685, berre ti år etter at huset var bygd, i 1704 kom Fredrik 4., i 1733 Kristian 6. Siste besøket skjedde i 1860, da den norsk-svenske kongen Karl 15. reiste gjennom Oppdal på kroningsferd til Trondhjem. I 1993 var det planlagt besøk av kong Harald i samband med Landsskytterstevnet, som det året vart arrangert i Oppdal, men på grunn av dødsfall kom ikkje kongen til bygda.
Kvart rom i Raulåna er restaurert slik det stod på eit bestemt tidspunkt. Her kan vi oppleve interiør frå 1600-tals barokk og fram til inngangen av vårt hundreår.
Herresalen
Sjølve grunnprinsippet for restaureringsarbeidet som Riksantikvaren gjennomførte tidleg på 1990-talet var at dei enkelte romma skulle få den utsjånaden dei hadde i eit bestemt tidsrom. Dermed blir ein tur gjennom bygningen også ei vandring i stilhistorie, frå slutten av 1600-talet og fram til tida rundt 1900.
I første etasjen, til høgre for kjøkkenet, finn vi malekammeret og den noe større herresalen. Desse romma står no slik dei tok seg ut ved siste hundreårsskiftet, da Opdal ungdomslag eigde huset. Tapeta frå den perioden var det stort sett berre fillene att av, men romma vart tapetserte på nytt med handlaga kopiar av originaltapeta.
Gangen i begge etasjane var opphavleg vakkert dekorert i såkalla bruskbarokk - same stilen som er bruka på altartavle og preikestol i kyrkja. Men i seinare tid er denne dekoreren blitt meir eller mindre overmåla med ein okergul farge. Ved restaureringa vart målinga fjerna med stor varsemd, slik at originaldekoren fekk kome til sin rett.
Sjelden dekor
I andre etasjen er det truleg det mellomste av dei tre romma, kammeret, som gjer sterkast inntrykk. Dette rommet står stort sett slik det gjorde mot slutten av 1600-talet, med ein frodig barokk rankedekor både på veggene og i taket, og gir ei intens oppleving av fortid.
Til høgre for kammeret er den store kongesalen, der kongane skal ha overnatta i ei himmelseng som dessverre ikkje eksisterer lenger. Ei svært spesiell og praktfull dør i renessansestil fører inn rommet. Det har vore gjetta på at døra kan ha stått i den gamle stavkyrkja. Kongesalen er restaurert slik han tok seg ut på 1700-talet.
Det tredje rommet i andreetasjen vart kalla kongekammeret. Her er tømmerveggen jamna ut med ein sementaktig masse, og vakker dekorert. Også dette rommet var i sterkt forfall før restaureringa, men er no gjenskapt slik det stod ein gong tidleg på 1800-talet.